
Det vert alltid god stemning når Huglo skulekorps underheld. Her med dirigent Thea i "Sixeen tons"
Pinseaften hadde, tradisjonen tro, Huglo skulekorps konsert på plassen utafor Hauglabutikken. I det strålande sumarværet var frammøte stort av både små og store. Grillmaten gjekk unna, ungane koste seg med is, og drøsen gjekk over benkar og bord. Huglo skulekorps spelar imponerande bra, dei fekk mykje ros óg av folk som har greie på musikk. Her ligg det mykje godt arbeide bak! Det er hyggelig å sjå at “gamle” korpsmedlemmar grip til instumentet og deltek når dei er hjemmom. Og kjekt med alt hyttefolket som tek del i samlingar som denne. Fortsatt god pinsehelg!

Dei yngste korpsmedlemmane imponerte! Jackob er mann for sitt instrument

Stort frammøte i strålande sol

Dei med fire føter koste seg og

Grillkokken

. . og kø til grillmaten

Elden og Bjørken løysar verdsproblem med kaffe og is . . .

. . . medan Amanda berre kosar seg

Mathilde og Torbjørn likar og is

Sommerdamer

Fleire sommerdamer

Og alle var einige i at det var ein flott tilstelling!