Ein GOD nyheit

Turorienteringa er lagt ut!!  Takk til ivrige sjeler i Huglo Idrettslag!  Det er veldig kjekt å ha eit mål for turen, og ekstra kjekt om ein finn det kvit-orange flagget og kan seia: Der er den!  Me som ikkje må ha snø og ski for ein retteleg påske, me finn då fram appelsina og Kvikklunsjen og kosar osss minst like mye som dei som tar av seg skia i hytteveggen.

Som åra før er det 25 postar med variert vanskegrad, ingen umogleg å ta seg til dersom ein er vanleg god til beins.  For dei som ikkje kjenner Huglo som si eiga bukselomme, er det greit å kunna lese kart og litt bruk av kompass.

Det er kjekt å gå fleire saman, berre husk 2 meter avstand og ikkje drikk av same kaffekoppen.

God tur!

Post 25