Det er kvart år eit sikkert haustegn når idrettslaget tar inn postane i turorienteringa. Og no er det altså slutt for i år, komande veke startar “innhaustinga”. Talet namn på listane i glasa fortel om eit sers populært tiltak, sjølv på dei postane som krevde mest, er det minst 25 namn. Og det ennå sumaren ikkje akkurat har invitert til lange turar over sers blaute myrar og i glatte steinhellingar.
Tusen takk til eldsjelane som legg ut 25 nye postar kvart år! Det krev både fantasi i planlegginga, og tid og turlyst å få kartet klart til påske kvart år. Me gler oss til neste sesong!