Forseinka sommar?

termometer

I år kom sommaren seint – men godt!  20 grader 25. september, og berre vermeldingar med sol framover, heilt utruleg bra.  14 grader i sjøen, riktignok, ikkje den heilt store badetemperaturen, men bra nok når ein fyrst kjem seg uti. Og ikkje ei einaste regndråpe på yr så langt langtidsvarselet rekk.  Måtte det berre vera til å tru på!  Kanskje får me same veret som i fyrste veka i oktober i fjor?  Er året omsnudd i desse klimaendringenes dagar, så hausten er den eigentlege sommaren?

Huglo 2.oktober 2016
Huglo 2.oktober 2016