Me har vanlegvis eldretreff 2. onsdag i månaden. Denne gongen er treffet utsett ei uke p.g.a. bisetting. Altså vert det denne gongen Eldretreff onsdag 19. mai kl 15 – 17 i skulestova. Me tenkjer å sjå litt nærare på folketellinga fra 1920, med døme på korleis ein kan logga seg inn og kva ein kan lesa der.
Dersom nokon har forslag til ting ein kan ta opp, eller noko dei vil bidra med, er det flott.
Som vanleg vert det kaffi og kaffimat og god tid til drøs.
Alle velkomne!!