Festen vart avslutta med gudsteneste søndag, og så var det slutt for denne gang. Tilbake står nedrigging og opprydding og så må dei ansvarlege samla erfaringane sine til bruk neste gang. Ein replikk frå ein tilreisande: “Dei var ALLE så entusiastiske og glade, frå billettluka og innover. Utruleg god stemning på denne festivalen!”
Dei eldsjelane som tek initiativet til eit så stort arrangement, og med smittande entusiasme tar på seg alt arbeidet og delegering, planlegging og ansvar og held oversikten, for ikkje å snakka om at dei får tak i populære og flinke artistar som trekk folk, fortjener ein heilt strålande applaus og tusen takk!!
Me håper entusiasmen held seg levande, så det vert ein ny FABRIKKEN om eit par år igjen. Me stiller gjerne opp igjen som frivillege på neste festival.