Laurdag frå kl 12 til kl 16 var det “Ope hus” med aktivitetar, og salg av mykje god mat. Vergudane var på godsida, og det var berre blide fjes å sjå, både blant publikum og hos arrangørane. Replikkar som falt: “Utruleg gjennomtenkt og bra arrangement!”, “Imponert over kva for artistar dei har fått tak i”, “Samveret er like viktig som musikken”, og “Huglo foreiner folk”. Og så: “Veldig god sjokoladekake/Fabrikkburger, kyllingspyd med granatsalat” . . . . Og til nattmat var det pølser, nokon såg fram til det. Rundt kl 16 starta salget av bar-bongar – det såg ut til at folk skulle greia å halda væskebalansen i orden – minst.
Og så starta konsertane for alvor . . .