Huglo Bygdalag arrangerte ein sers vellukka familiedag i Tveitevågen. Her var både huglarar, hyttefolk og tilreisande slekt og venar. Grillane var varme og det vart sett til livs mange pølser, og is, brus og bålkaffe gjekk unna i sumarvarmen. Vatntermometeret stopte på 22 grader, så den mest populære aktiviteten var utan tvil bading. Kapp-padling på tid på badefisk var og ein populær aktivitet, saman med kano og klatre- og balanseaktivitetar. Dei fleste godt vaksne greidde seg med å slappa av, sola seg og prata over kaffekoppen. Takk til arrangørane, dette kan me vera med på kvart år!

Stikkord: Familiedagsumar
Del dette innlegget