Endeleg ser me skimt av ferja!!
Klokka 06.37 i dag la NORLED ut følgjande melding på nettsida si: ” Ferjesambandet Jektevik – Hodnanes – Nordhuglo er innstilt inntil vidare. Tekn.problem.” Men dette hadde ikkje dei om lag 13 bilane som sto på kaien på Nordhuglo fått med seg. Etter ein time kom erstatningsferja, Strand. Då var Ølen, som for tida erstattar Folgefonn, observert på veg sørover. Problem med propell, vart det sagt. Håper ingen av de som sto og venta kl. 07.15 – 08.20 skulle til Flesland og nå eit fly. Og at skulane som mangla lærarar, har kriseplanane klare når ferjesambandet sviktar. Neste ferja til/frå Nordhuglo var berre 15 minuttar forseinka, og dei som venta då, tok ventetida med stor ro og fekk seg ein hyggjeleg prat. Utover føremiddagen var ferja i rute att. Spørsmålet er no kor lenge me for behalda romelege Strand – ho er nok sakna i sambandet Skjersholmane – Ranavik.
Mannskapet som var overført til Ølen, meinte Folgefonn var inne til ombygging av motorane til elektrisk drift. Det tek vel si tid.
Har ein god tid, kan det vera hyggeleg å venta
Håper at alle som stod i fergekø var på nett?