Den faste ferja vår, Folgefonn, får nå ny motor, den gamle var omtrent 20 år gamal. Det er fint med ny driftsikker motor, men baksida av medaljen er at deivikarferjene me har hatt til no, og særleg den siste, Kvinnherad, er så små at ein kan risikera å ikkje koma heim frå Jektevik som planlagt. Heldigvis er det ein overgang, men ein stund framover kan det løna seg å ikkje vera sist i køen.
Del dette innlegget