Ganske forskrekka mottok me meldingen om at det ville verta “fartøybyte” i sambandet vårt i føremiddag. Me skulle få Hardingen! Der ser ein ikkje kor ein er før lemmen er lagt ned så høge er veggane, og skal ein vera sosial, er det omtrent 100 trinn i oppoverbakke før ein er i salongen. Men heldigvis, gode, gamle Folgefonn er berre til justering av lading og andre detaljar. På fredag er ho tilbake, lovar mannskapet.
Del dette innlegget