Elevene på Huglo Skule har hatt ein vellykka filmkveld med overnatting. Mange elevrådsmøter og mykje planlegging måtte til i forkant.
Torsdag kveld klokka seks møtte nokre av elevane opp for å laga pizza. Som ved alle andre tilstellingar og møter på Huglo, må ein ha god mat. Fem glade kokkar laga to kjempegode pizzaer ! Restane av kvitosten blei lagt fram til husmusa i gymsalen. På ein slik kveld blei alle huska på (eller kanskje håpa dei på at ho blei så mett at ho sov seg gjennom natta…….)
Etter mykje god mat i magen, rigga elevane seg til i gymsalen for å sjå film på lerret. Det hadde vore avstemming, og fleirtal for å sjå filmen Shrek 3. Mange hadde sett filmen før, men dei humra og lo alle saman. Stemninga i salen var veldig god. To foreldrerepresentantar rigga seg til for natta med masse god kaffi for å vera brannvakter.
På morgonen kraup dei åtte elevane ut av soveposane. Kor mykje søvn det blei på elevane er eg ikkje sikker på, men dei åt ein god frukost med nysteikte baguetter, og reiste på bading heile gjengen. Trur det var mange som synest det var ok med ein kort skuledag dagen etter………
Dette er slikt som sveiser gjengen sammen! Veldig bra!
Hedvig