Røykt “pidnakjøt” er høgdepunktet for dei aller fleste vaksne vestlendingar på julekvelden. På sørhuglo byrjar derfor forberedinga av julamåltidet tidleg. Her blir det laga frå grunnen av, skikkeleg heimalaga pidnakjøt :-)
Saugene går heile sommaren og beiter på Haukanes for å gjera seg gode. Når hausten kjem blir dei henta heim, og dei flottaste blir til julamiddag. Slaktinga blir gjort av saugeeigarane sjølve. Ribbene blir så lagt i saltlake, for deretter hengt opp til tørk eit døger før dei skal røykjast.
Pidnakjøtet er ikkje ferdig før det har fått den gode røykjesmaken. Det er mange måtar å røykja kjøt på, men det er slik det blir gjort på Sørhuglo. Ein tenner opp bål i omnen for å få masse glør, men det er berre røykjen me vil ha. Så då hiv Lars på masse spon og brakje slik at det skikkeleg røyklegg kjøtet som heng i røykjebua. Brakjen gjev den ekstra gode aromaen.
Slik står det nokre timar før ein heng det opp til tørk. Så er det berre å gle seg til herligheten ligg og dampar i panna og lagar godlukt i heila huset julekvelden.
Ja slik vart da gjort i uminnelege tider på Huglo. Før va da no helst eldhuset dei røykte i, men framgangsmåten va den same. Brakje må til, og gjerne litt eikespon. Sjølv har eg i dag røykt sei. Ribbene og fenalåra er bra turre alt. Godt å halda tradisjonane i hevd.