Somme vil seie at dei kjem i julestemning av å handle julegåver, pynte juletre eller av å sjå snø. På Huglo vil mange seie at julestemninga ikkje kjem før julekonserten til korpset og Songlaget Stordabuen i gymsalen på Huglo skule.
På Huglo er me ganske glade i tradisjonar, og julekonserten er inga unntak. Årets konsert søndag 4. desember var nemleg den 32. i rekkja! Programmet med musikk av både Huglo Skulekorps og Songlaget Stordabuen, god mat, utlodding og allsong har ikkje endra seg mykje gjennom åra, for dette er ein tradisjon som både huglarane og stordabuen set stor pris på!
Korpset og koret hadde to avdelingar kvar med ei allsong-avdeling til slutt. Huglo Skulekorps med dirigent Thea Lund Hinderaker framførte julesongar. Songlaget Stordabuen med dirigent Thorleiv Agdestein brukte eine avdelinga si til å framføre delar av forestillinga si “På dans” som dei har hatt tre utselde framsyningar med. Her hadde dei og med seg orkesteret Chiclets som hjalp til med å få ei god stemning i salen.
Dei gode gamle julesongane sparte songlaget til etter matøkta, og her hadde dei òg Chiclets med på laget. Julekonserten vart avslutta med allsong med korpset og Helge Heiberg Andersen som dirigent. No kan jula berre komme!
Ros til arrangørar og medhjelparar for ein flott konsert og ein flott tradisjon!
Ser kjempefint ut, Eg trur da so gjedna. Dette var ein av dei få julekonsertane på Huglo eg ikkje fekk vera med på, men Frelsararmeen sin jule kosert i Grieghallen søndag kveld, som me var så heldigen å få vera med på, var også ei kjempeoppleving.
Julo kan berre koma seier de. Nei først må lutafisken verta ferdig.