Er det alltid håp i hengjande snøre (teine?)
Underteikna er den glade eigar av 4 heilt profesjonelle krepseteiner – som til no har vore nytta med vekslande hell til det fisket som startar 1.oktober. Nyleg ville andre familiemedlemmar prøve lukka og teinene til det dei var laga for: sjøkreps. Fyrst gjekk det nokre timar med blikket festa på ekkoloddet for å finna søylebotn – dei som meiner noko om krepsefiske, meiner sterkt at det er botn av det slaget krepsen likar. Så måtte det vera passe djupt – vel 100 meter. Og så skulle teinene setjast på lenk. Den ihuga krepsefiskaren var budd på at 4 teiner på lenk frå vel 100 meter kunne verta tungt å dra opp, men kva gjer ein ikkje for et måltid eigenfiska sjøkreps?
Alt vart utførd etter boka, teinene kom seg i sjøen og der sto dei, med agn av fisk i tomatpurèglas med gjennomhola lokk, og freista imaginære krepsar i massevis i ei heil veke. Og riktig nok, det vart eit blodslit å få teinene opp i båten igjen. Dei måtte vera stappfulle!!
Heile fangsten ser du på desse bileta. Han som våga eta fangsten – joda, det gjorde han! – påsto at det smakte godt, men tross innsatsen, var fangsten ikkje heilt til å verta mett av. Og det er kanskje ikkje vanskeleg å vera einig i.
Neste forsøk på krepsefangst er utsatt på ubestemt tid.