Dirigenten Cecilie Ann Raunhovde tok med seg mannskoret Havdur til Huglo – til mykje glede for alle dei frammøtte i Huglo Samfunnssal. Ho er jo ein gledesspreiar i seg sjølv, Cecilie Ann, der ho dirigerar med heile kroppen og stor entusiasme. Denne gangen hadde Havdur eit repertoar med Negro Spirituals, som vart avslutta med nummeret Amazing Grace, som var laga av ein innbarka slavehandlar som vart omvendt og arbeidde mot slaveriet – lenge før det vart avskaffa ved lov.
Lis-Maria Gunnarson var Havdurs solist. Wenche Bruun Lien hadde ein eigen avdelig med jazzsongar. Ho kan godt ha ein heilaften, berre ho med orkester! Orkesteret var for denne oppsettinga Fredrik Horn på orgel, Tone Hellesøy på piano, Jørn O. Myhre på bass og Jan E. Kleppe på trommar.
Fred Ola Bjørnstad fortalde om bakgrunnen for den eigenarta musikken Negro Spirituals. Han satte konserten inn i ein interessant rame.
Og både før konserten og innimellom var det sal av kaffe og kaker som berre hugladamer kan laga dei. 12 kaker, og det var ikkje mange smulane att då kvelden var over.
Tusen takk for eit sers vellukka arrangement, til både alle utøvarane og arrangørane!