No kjem asfalten!

HuglavegOm ca. 10 dagar skal asfaltleggarane vera i gang.  Fyrst må vegen rettast opp og kantane renskast betre enn det som er gjort til no.  Asfalten kjem med båt, og det er eit sandkorn i maskineriet at båten må flyttast frå kaien kvar gang ferja kjem.  Gunstig er det heller ikkje at tømmerkjøringa ikkje er avslutta, de store tømmarbilene kjem til å kjøyra på nylagt asfalt.  Men slik må det vera, seier asfaltfirmaet, arbeidet deira skal vera avslutta innan 1. november.  Firmaet er finsk, asfalten og arbeidarane norske.

Men vi får i alle fall ny asfalt!