18 huglarar møttest på sist fredagskveld, i Fjellheim, for å hyggja seg saman no i mørkretida før jul. Her var mykje god og variert mat, og opplesing om kva ei ny bru kan føra med seg: brunsniglar og nabokrangel (uten at dette skal sjåast som eit innlegg i bru-debatten her på Huglo?) Quizen var akkurat passe utfordrande til at laga med 6 personar som samarbeidde godt, fekk til det meste. Praten gjekk livleg heilt til bygdekvinnene begynte å samla saman kaffekoppane. Både for- og etterarbeidet (oppvask og golvvask) tar si tid: Takk til eldsjelane som lagar til hyggje for oss alle. Me håpar denne førjulskvelden vert ein tradisjon, open for alle som vil koma.