Julekonsert

 

Jula er fylt med tradisjoner, så også her på Huglo. Fyrste søndagen i desember får me kvart år storfint besøk av dyktige songarar og musikarar frå songlaget storabuen, i år under leiinga av Torleiv Agdestein. Mange flotte sangnummer med flotte vaksne solister, og ei veldig ung solist med ei flott framføring.

 

 

image

 

Årets høgdepunkt for mange, var allikevel aspirantene i Huglo Skulekorps si framføring av Bjelleklang. Dei seks aspirantane imponerte stort etter å ha håndtert instrument og noter i kun seks veker. Etter mange år utan ny rekruttering til korpset, er det i år gledelig å sjå at heile seks stykker ynskjer å byrja i korpset.

 

Eit fint førjulsarrangement for dei mange som fylte gymsalen, med flott underhaldning, god mat og kaffi, åresal, juletoner og allsang.