Her kjem invitasjonen frå Huglo Bygdekvinnelag til førjulskvelden 9. desember:
Spleiselag, altså at alle tar med seg litt mat til eit felles koldtbord. Bygdekvinnelaget syter for brød, smør, kaffe og dessert. Du sjølv har med deg drikke til maten. Festen startar kl. 19.30.
Det vert underhaldning, quiz, og utlodding, julemusikk og det er lov til å dansa, om nokon har trong for det!
Høyres det kjekt ut? Meld deg på til Hedvig, tlf 41 33 44 36 innan 6. desember kl. 23.
Me sjåast i Fjellheim! Harteleg velkomen til alle.