Berre ein einaste butikk i denne gata, verdas minste julegate, kanskje, men då med verdas beste frammøte ved opninga! 45% av innbyggarane på Huglo trossa regn og vind og møtte fram for å høyra korpset spela julesongar, sjå alle lysa i gata og på juletreeet verta tent, og så varma seg på den tradisjonelle gløggen. Også i år vart gløggen kokt på ovn med levande varme. Kva gjer det då at musikarane må stå inne på butikklageret for å ikkje verta blåst bort, og ein måtte halda handa over gløggkruset for ikkje å få for mykje vatn i drikken?
Folk vart stort sett ståande lenge å prata, spørre nytt, trøyste dei som ikkje følte seg heilt på topp og utveksla invitasjoner til ein kaffekopp i førjulstida.
Og då mørkret seig på, blei julegata verkeleg vakker. Ho vil vera til glede for alle som skal til butikken eller med ferja heilt fram til neste år.