Det er framleis ledige plassar på Friidrettsskulen på Huglo i veke 31! huglo.no har fått mail frå årets instruktørar: Mariell Runderheim, Sveinung Huglen, Kjetil Sørmoe, Mariet Gjerstad og Nils Henrik Elde:
“Hei og takk for sist!
Det var veldig gøy med fotballskule på Huglo i fjor – så me kjøyrer på i sommar igjen! Tidspunktet vert 27.-30. juli, veka etter Fabrikken.
Me utvidar opplegget med fleire aktivitetar, samstundes som me utvidar frå tre til fire dagar. På programmet blir det både fotball, friidrett, fjelltur, hinderløype, leik og moro. I tillegg skal me besøka hestane på Nord-Huglo og få demonstrert sprangriding!
Me satsar på fint vær og avslutning på Leiro på torsdagen. Håper mange har lyst og anledning til å vera med. Tips gjerne andre som ikkje var med i fjor!
PÅMELDING
Det er ope for påmelding fram til veka før, men dei som er sikre på deltaking bes melde seg på så tidleg som råd for å forenkla planlegginga.
Helsing årets instruktørar”