Friidrettsskulen på Huglo – Påmelding – Veke 31

Frå Fotballskulen 2014
Frå Fotballskulen 2014

Det er framleis ledige plassar på Friidrettsskulen på Huglo i veke 31!  huglo.no har fått mail frå årets instruktørar:  Mariell Runderheim, Sveinung Huglen, Kjetil Sørmoe, Mariet Gjerstad og Nils Henrik Elde:

“Hei og takk for sist!

Det var veldig gøy med fotballskule på Huglo i fjor – så me kjøyrer på i sommar igjen!  Tidspunktet vert 27.-30. juli, veka etter Fabrikken.

Me utvidar opplegget med fleire aktivitetar, samstundes som me utvidar frå tre til fire dagar.  På programmet blir det både fotball, friidrett, fjelltur, hinderløype, leik og moro.  I tillegg skal me besøka hestane på Nord-Huglo og få demonstrert sprangriding!

Me satsar på fint vær og avslutning på Leiro på torsdagen.  Håper mange har lyst og anledning til å vera med.  Tips gjerne andre som ikkje var med i fjor!

PÅMELDING

Det er ope for påmelding fram til veka før, men dei som er sikre på deltaking bes melde seg på så tidleg som råd for å forenkla planlegginga.

Klikk her for påmelding

Helsing årets instruktørar”