Nå vert gjestebrygga på Nordhuglomeir stabil i samanføyninga. Stormen Nina (med orkan i kastene) øydela festet mellom dei to delane av flytebrygga, så dei siste to åra har brygga vore bundet saman med solid tauverk, mens dei ansvarlege, mest styret for Huglabutikken, har diskutert korleis dette skulle verta reparert utan at det kosta meir enn det smaka. I går kom det nye feste på plass, og når monteringen får tørka litt, kjem det kjettingar og ein kan gå ut for å fiska på ei stabil flytebrygge. Ja fiske: Det har vore fiska både fin lyr og torsk frå brygga, også i dei siste dagane!