Flytebrygga som Huglabutikken fekk frå havnesjefen, har stadig vore på vandring. Nordavind og propellsjø frå ferja har fått han til å slenga fram og tilbake, med dei problema det førde med seg for båtar, landgangen og skjøten mellom dei to betongelementa. Men no er den tida over! Etter mykje planlegging og forarbeide (på dugnad, sjølvsagt) kom endeleg dagen då ord vart sett ut i handling. Og sidan eit bilete seier meir enn 1000 ord, vert historia om korleis dette gjekk til, fortald som biletfølgjetong.

Det var ein gong ei flytebrygge . . .

Dette er arbeide for menn med hår på brøstet

Her trengs ein kranbåt!

Her trengs solid motvekt for at traktoren ikkje skal tippe over kaikanten

Nær 1m3 stein, den skulle stå imot litt press

Så skal steinen på plass - dorry'en hjelper til

Mange meiningar om korleis . . .

Ferdig! Godt jobba, godt samarbeide, og no har Huglabutikken ei gjenstebrygge som ligg i ro.