![brennmanet](https://usercontent.one/wp/huglo.no/wp-content/uploads/2011/07/brennmanet-300x225.jpg)
Upopulær sommargjest
Endeleg kom sommaren! Me får passa på å nyta han intenst, for etter yr.no å døma, vert det berre sommar et par dagar til i denne omgongen. Men pytt, pytt, me får leva i augneblinken, for akkurat no er det godt å vera menneske på Huglo. Sikre sommarteikn er lettkledte folk som et is og har god tid på plassen foran Huglabutikken – og slik var det i dag. Men så var det slangen i paradiset: Til no har me hatt litt for friskt badevatn. I dag kunne eg med litt godvilje og gradestokken litt på skrå påstå at det var 15 grader i vatnet i Huglavikjo. Og då kjem det ein lite populær badegjest: Første brennmaneten vart observert utafor kaien, og i kveld såg eg eit par til. Me får berre håpa at me slepp manetinvasjon som den me hadde i fjor, og skunda oss å nytta høve til ein frisk symjetur. Ikkje mange stader i verda kan du symja i reint fjordvatn medan du ser på ein isbre!
![sommerferie](https://usercontent.one/wp/huglo.no/wp-content/uploads/2011/07/sommerferie-300x190.jpg)
Sikkert sommarteikn