Kvart år arrangerar Huglo ungdomslag havrettsaften i Fjellheim. Årets gilde vert laurdag 19.oktober klokka 20:00. Bindande påmelding til Astrid Eikeland (53495644) innan 15.oktober. Det vert levande musikk og mykje god mat, sjølvsagt.
Inngangspris kr 400
(medlemmar kr 300)
Denne gjengen ilag med godt selskap, er klare for å lage mykje god mat !
Det er mykje som skal gjerast og vere på plass i forbinding med havrettsafta. Utan den flinke og flotte dugnadsgjengen er det ikkje mogeleg. Her kan du sjå bilete av nokre av dei som var med å gjorde fjordårets arrangement til ein flott kveld.
Hilde visar fram lakserullen. Lakserullen vert nok å finne på årets koldtbord også!
"Reiskapshus-gjengen" klare til innsats
Også ein viktig del av dugnadsjobben
Ikkje alle oppdraga er like kjekke, men staute karar tek laukkutting på strak arm!
Topp stemning på kjøkkenet !
I fjor sto "kuauga" på menyen, denne krabaten vert truleg ikkje å finne i år..
Det er mange kokkar i sving helga havrettsafta arrangerast rundt om på Huglo, dette krev ofte logistikk
Gode pausar med godt tilbehør høyrer sjølvsagt med !
Oppvask på strak arm
Mange blinkskot her ja.. =)