Med god innsats frå frammøtt mannskap fekk Huglabutikken ny, stor fruktkjøledisk. Fyrste oppgåve var å få disken inn av døra, så skulle den slepast på plass innomhus og så innstallerast med strøm og kjølevatn. Eit godt råd for ikkje å øydeleggja golvet i butikken var å leggja fleskesvor under beina til kjøledisken – og på plass kom han. Innstallasjonen tok noko lengre tid, men no står den der og ser veldig flott ut – ein Huglabutikk verdig! Veldig kjekt at Wenche har auga for oppdatering og fornying!
Stikkord: Huglabutikken
Del dette innlegget