Det vert tradisjonell Hugladag på kaien på Nordhuglo på komande laurdag.
“Varden opp” startar, med klassar både for dei som spring og dei som går, frå Huglabutikken kl. 12.00. Det er høve til å melda seg på til www.deltager.no/vardeløpet 06082016, eller ein kan melda seg direkte på kaien før løpet startar. Startkontingent kr. 50 pr. person. Avstanden frå kai til Varden er 2,7 km.
Det vert varierte aktivitetar på kaien, m.a. tønneløp kl. 14-15. Sal av kaffe og kaker, og grillmat frå kl. 13. Hugladagen avsluttast med konsert kl. 15.30 med Miniforetaket (Cecilie Rønhovde, Vidar Vedå og Knut Heggdal)
Kanskje har det regna ifrå seg til dess, så me kan håpa på like godt frammøte som i 2009? Alle velig velkomne! Me har god kaiplass, syklar til utlån, og ferja legg til 10 meter frå aktivitetane!