12 utstillare møtte fram med produkta sine i år, av dei var 4 barn. Veldig kjekt! Her var som vanleg noko for einkvar smak, nydelege trearbeider, broderi og strikking og hekling, søm og baking, og masse godteri, lefser og kaker, saft og egg og fotografier og såper. Interessa var stor, det var ganske fullt i lokalet og mange fekk solgt mykje. Det aller mest populære var nok kafeen og det sosiale rundt bordene – ein viktig faktor i messearrangementet. Det vert sikkert fleire messer!

Stikkord: huglamesse
Del dette innlegget