. . . det ruskar ute med regnvind sur og grå – er det ikkje akkurat sånn me har det no? Hos Garborg ligg Mons på sekkjepute under omnen. På Huglo kan me gå på Turids kafè for å verta varma på god suppe (fiskesuppa var ein gourmand verdig!), kaffe og heimelaga kaker. Huglo har fått eit ekstra pluss i tillegg til alt anna bra på øyo.