Huglamessa

Hardangersøm resizedFystkomande laurdag, 25.10., ynsker Huglo Bygdekvinnelag velkommen til årets Huglamesse, salsmesse i gymsalen på Huglo skule. Ca 10 utstillare tilbyr eigne produkt i mat, handarbeide og andre kreative hobbyar. Kvaliteten plar vera høg og produkta som seljast, populære. Det vert og kafe med noko i bita i for einkvar smak.
Messa opnar kl. 12 og held oppe til kl. 15.