Huglo Bygdekvinnelag tar initiativ til å arrangere Huglamesse 19.mars – sjølvsagt med eit sideblikk på corona-situasjonen. Vert smittesituasjonen slik at messe ikkje er tilrådeleg, utsett me messa til utpå hausten.
Ei messe krev utstillarar/selgarar. Me ber difor alle som er interesserte i å bidra, å melda seg til Eline, tlf 920 13 087, slik at me får ein oversikt.
Huglamessa pleier å vera godt besøkt. Kaféen som høyrer til på messa, er óg populær.
Me håpar på mange lokale deltakarar!