Messa i år trur me vert av dei aller beste. I år har me fleire utstillare enn tidlegare (15) og variasjonen i produkta som vert budd fram er stor. Her vert spiselege produkt som laks og lefse, lauk, saft og kake. Her vert fine arbeid i tre og keramikk. Her vert søm og strikk, og boklansering (Steinar Hystad kjem med si nye bok). Her vert vakkert malte t-skjorter, Hugla-T-skjorter og smykke m.m. Tysnes Bondekvinnelag kjem og presenterer sin nye Tysneskufte.
Huglo Bygdekvinnelag markerer Havreåret med ulike gode havreprodukt i kaféen. For her vert óg kafé! Ein lite “havrequiz” med premiering, og utlodding av julanek vert det og!
Velkommen til messe!