For dei som ikkje kjenner til “google-bilen”, er dette ei street view teneste frå google, som kartlegg land og strand frå gateplan. Bilen kjører rundt med eit 360-graders kamera på taket. Der “street view” gjer det mogleg å “spasere” rundt på ulike områder google-bilen har dekka. Korleis ein brukar denne tenesta kan du lese meir om på denne sida. Slik kan du gå inn å sjå om kanskje du har blitt fanga opp av google-bilen når den besøkte Huglo mandag 11.oktober. Dette må du nok likevel vente ei lita stund med, då det kan sjå ut for at google-bilen ikkje har lagt ut bileta sine på nettet endå.
![Google bilen](https://usercontent.one/wp/huglo.no/wp-content/uploads/2010/10/IMG_17771-800x400.jpg)
Del dette innlegget