Spørsmål og svar

Om ikkje omsettinga auka nemneverdig, var det ein hyggjeleg dag på Huglabutikken på Nærbutikkens Dag.  Folk sat ned og det gjekk mykje kake, og diskusjonen gjekk om spørsmåla Wenche hadde laga om butikken.  Ho fortel at ho kosa seg då ho leste svara, over engasjementet og dei fantasifulle svara.  Faktisk sprikte svara såpass at vinnaren vart avgjort med loddtrekning, og Rebekka Nordtvedt var den heldige vinnaren av eit handlenett fullt av grønsaker og frukt.  Det same fekk ei hyttejente som gjetta rettest på vekta av salathovudet.

Her er fasiten på spørsmåla:

SPØRSMÅL FRÅ NÆRBUTIKK-DAGEN, MED SVAR.
KVEN ER STYRELEIAR I HUGLABUTIKKEN AS?
SVAR: PER EGIL SÆTER
KOR MANGE STO PÅ LØNNINGSLISTA TIL BUTIKKEN PR. 1/9-18?
SVAR: 4 (TURID, RUNE, WENCHE OG SAMSON, SOM KJØRER POSTEN).
KVA ÅRSTAL BLEI ME, ALTSÅ HUGLABUTIKKEN, MED I MERKUR-PROGRAMMET?
SVAR: I 2008, DÅ TIDLEGARE OG NOVERANDE DAGLEG LEIAR GJENNOMGJEKK KOMPETANSEPROGRAMMET TIL MERKUR.
KVA HAR ME FÅTT INVESTERINGSSTØTTE TIL FRÅ MERKUR I ÅR?
SVAR: DEI FLESTE HAR VEL HØYRT OM PAPPRESSA. DESSUTAN HAR ME FÅTT TIL JEKKETRALLE OG NYE LYS I BUTIKKEN.
NEVN MINST 3 TØRRVARER SOM ER NYE I BUTIKKEN I ÅR?
SVAR: HER ER EIN DEL: ØKOLOGISK RUGMJØL, TYTTEBÆRSYLTETØY FRÅ NORA, LINSER, KOKOSMELK , WOKSAUS OYSTER&SPRING ONION OG TUNFISK THAI CHILI.
( DEI FLESTE FORDI KUNDAR HAR SPURT ETTER DEI)
ME HAR 12 SORTAR SYLTETØY I BUTIKKEN. KVA HAR ME SELT MEST AV?
SVAR: JORDBÆRSYLTETØY FRÅ NORA 400G.
EIN DEL VARER TAPAR ME PENGAR PÅ. KVA HAR ME TAPT MEST PÅ I PROSENT I ÅR?
SVAR: VANNMELON. DEN VAR SVÆRT BILLEG I HEILE SOMMAR.
KVA VARE HAR ME TAPT MEST PÅ I KRONER?
SVAR: STABBUR MAKRELL 170G, SOM ME SEL MYKJE AV, MEN SOM ER EI AV DEI VARENE SOM BLIR SELT MED TAP.
KOR MANGE ANDRE UTANOM BYGDELAGET SEL ME VARER FOR?
SVAR: NETT NO HAR ME 11: IDRETTSLAGET (O-KART), BYGDEKVINNELAGET (KART OG OPPSKRIFTSHEFTE), ARNE SORTLAND (TREARBEID), ERNST ARNE SÆLEVIK (BOK), STEINAR HYSTAD (BØKER), JAN RABBEN (BOK), MALENE AASHEIM (BOK), CECILIE ANNA ( CD- PLATER),HELENE WILLGOHS (SYARBEID), ANNBJØRG TARANGER (STRIKKE- OG SYARBEID) OG TURID (TRÅD).
KOR MANGE KOPPAR KAFFI HAR ME SELT I BUTIKKEN FRÅ 1/1 – 1/10?
SVAR: 332 KOPPAR.

Det gjekk mykje kake og kaffi i butikken