Halvor av Huglovikjo

Halvor
Halvor

Dette er Halvor. Han sit på utsiktsplassen sin – og nåde den måsen som prøver å setja seg der om plassen skulle vera tom! Halvor er Kongen over Huglavikjo – ikkje demokratisk valgt, trur eg. Halvor har ei kone, fru Halvorsen, men Halvor er ikkje nokon snill og omsutsfull ektemake. Riktig nok får fru Halvorsen sitja ved sida av han på søyla, men berre om våren!! Kva som ligg bak det, kan ein jo tenkja seg. Nokon god forsytar er han ikkje for kona si! Eg hadde kasta ut to små paler som Halvor hadde glefsa i seg. Så kasta eg ein fisk til fru Halvorsen som ho åt – men då kom Halvor!! Han greip ho med nebben i stjerten, ho skreik og prøvde å koma seg laus, men han drog til ho gulpa fisken opp att. Og Halvor åt den og. Då stakk sporen på fisken ut av nebbet hans, og han greidde ikkje å letta frå vassflata. Eg måtte kasta ut ennå ein fisk for at fru Halvorsen skulle få litt, ho og. Er Halvor den største mannssjåvinisten på Huglo?