Dei kom med tre-ferja (som er på Huglo kl 14.45): Stortingrepresentant for Sp Hans Inge Myrvold, fylkestingrepresentand for Stord Ap (Samferdselskomitéen) Per Jarle Vedvatne og varaoldførar frå Sp Nancy Åsheim. Og med seg hadde dei den avgjerda som gjer grunn til å ropa HURRA: Frå 1.juli d.å. vert det gratis å reisa med ferja Jektevik – Huglo og v.v. Dette har me venta lenge og med spenning på! Og dette gjeld alle kjøretøy, uansett kor i verda dei er registrerte og kor lang tilhengar dei har med seg.
Stortingsmann Hans Inge Myrvold (Sp) sa at dette hadde dei kjempa politisk for lenge. No slapp øyfolket å rekna inn ferjeprisen om dei skulle på ein aktivitet på Stord, f.eks. Han rekna med at dette var særleg aktuelt for framtida vår, nemleg barn og unge på øya.
Utover heilt lokal presse, var óg NRK Vestland ved Olav Røli, og avisa Sunnhordland ved Per Solberg tilstades. Dette var ein viktig nyhende!
Men kor var marsipankaka? Den får me ta 17.mai.