Knallsuksess! 30 ungar i alderen 5-12 hadde tilpassa friidrett mandag, fotball tirsdag og i dag, onsdag, vandra heile flokken til Varden. Ein sprek gjeng hadde ikkje nok med å gå ned att frå Varden, dei samla seg i ein “Orienteringsgruppe” og gjorde eit iherdig forsøk på å finna post 20. Vel nede, kunne dei som ville, prøve seg på riding, og sjå på sprangriding. I morgon er det hinderløype, leik og moro og grilling på Leiro. Takk til leiarane av dette flotte arrangementet, vaksne og ungdom! Me håper dette vert eit fast innslag på Huglo i sommarferien.