Klar for Vardeløpet?

varden

 

 

 

 

Vardeløpet går i år av stabelen laurdag 1. august, kl. 11.30. Nytt i år er at løypa startar på kaien ved butikken, og går via Storavatnet og Storeskar opp til Varden.

For at løparane skal vere forsikra, vel vi i år å ta inn startkontingent på kr 100,-. Eingongslisens er inkludert i prisen. Det vert tre klassar: menn og kvinner f.o.m 14 år, og born t.o.m 13 år.

Det vert premie til 1. – 3. plass i kvar klasse, og trekt premie blant dei øvrige løparane.

Påmelding her . Det er også mogleg å melde seg på på kaien fram til løpsstart, men det er flott viss flest mogleg brukar nettløysinga, slik at me får ei viss oversikt over antal startande. Ta evt. kontakt med kjetil.somoe@hsh.no

Vel møtt!

Huglo IL