Jula varer heilt til påske?

Huglo skulekorps saman med alle dei andre skulekorpsa i Stord og Fitjar har fått ei ” forsenka julegåve”, som Sunnhordland kalla det. Etter å ha lese ein artikkel i Sunnhordland vart Odd Naustdal ved Aker Stord, inspirert til å sponse korpsa med 10.000 kr kvar.

– “Me i Aker Solutions har også lyst å støtte kulturen. I skulekorpsa er det, som me fekk demonstrert i fredagens artikkel, ei rekkje eldsjeler som fortener ei oppmuntring. I tillegg veit me at korps ikkje er det billegaste å driva, og at dei ofte har sårt trong for nokre ekstra kroner. Difor ynskjer me å sponsa kvart av skulekorpsa i Stord og Fitjar med 10.000 kvar – ein slags skulekorpspakke” fortel Nausdal til Sunnhordland.

– Dette var både svært gledeleg og uventa, og er eit kjempe bra tiltak av Aker Solutions. Dette kjem svært godt med, seier leiar i Huglo skulekorps, Albert Eikeland.

Aker Solutions oppfordrar samtidig korpsa til å vere aktive i bybiletet og spreie glede med musikken sin. Huglo Skulekorps har øving kvar veke, og spelar og arrangerar på ymse tilstelningar i løpet av året. Sjøl om dei kanskje ikkje er like synlege i bybiletet, er dei eit aktivt korps, og ein flott gjeng som me kan vere stolte over.

Konsentrerte blåsarar i aksjon
Graut høyrer med til øvingshelg!
Julekonsert
Her spelar korpset i kongeparken på korpsturen 2010