“Ein salmekonsert utanom det vanlege” er det den nystarta gruppa “puls” kan lova dei som kjem på konserten deira. Helga 18.-20.februar reiser dei åtta musikarane ut på miniturnè, og held konsertar på Huglo, Horneland bedehus og Os Kyrkje. Fredag 18. kjem dei til Huglo og held konsert i bedehuset klokka 21.00.
Om seg sjøl skriv gruppa:
– Innhaldet er salmetekstar, som mange har overlevd i både eit og tohundre år. Innpakninga, den er derimot ikkje bere tradisjonell, og flere av salmane har fått ny musikalsk drakt.
– Det er så mange flotte tekstar, som er forfatta på bakgrunn av levd liv, sier Christian Notland, som har vokse opp på Huglo, og er ein av initiativtakarane bak Puls. Me har eit ønske om både å formidla og å tilgjengeleggjera disse til nye generasjonar, i tillegg til å la dei av oss som har litt lenger fartstid i livet, få gjenoppdage disse salmeskattane. Eit av måla me har sett oss, er å underbyggja innhaldet i tekstene gjennom nye arrangement, utan å framandgjere dei ovenfor dei som kjenner songane fra før av. Målet vårt var å lage ei konsertoppleving som passar for alle, uansett alder, og det trur me at me har lykkast med, avsluttar Notland.