
Her sat trollkjerringa
Så seir sagnet:
Det var ein gong ei trollkjærring som budde på Huglo. Ho var litt forarga, for ho ville ha Huglo større, så ho ville dra Tysnes til seg. Ho festa då et sterkt tau rundt ein fjellnabbe på Hodnaneste, og tok til å hala for å få Tysnes til Huglo. Ho halte og drog – men plutseleg så slitna steinnabben på Tysnes, og trollkjærringa falt bakover og slo baken nedi Huglaneset. Der viser det ei håla der baken hennes slo nedi. Ein del av den fjellnabben som slitna, fór utover og det er det som er Huglaholmane i dag. Så kanskje hadde det vore lurt å få tak i ei ny trollkjærring, som kunne dra Tysnes til oss, så fekk me fastsamband utan den store omveien om austsida av Skorpo?

Her slo revo hennar i fjellet - ho var ikkje store kjærringa! Men sterk må ho ha vore

Holmane som vart strødd utover. Biletet er tatt i det veret trollkjerringa var mest van med: silande regn! Vart det sol, ville ho jo sprekke.