Slike vil me ha fleire av!!
Me ventar framleis i spenning på ein godkjent kommunedelplan for Huglo – og byggetomter som kan gjera det mogeleg å auka innbyggjartalet på Huglo, jfr LivogLyst si målsetting! No er det 3 område som må ut til høyring:
1. Anna plassering av tomt på Tveit
2. Naust og lokal båthamn hjå Hege Elin og Espen Haukanes
3. Fabrikken
I tillegg må det vedtakast ny reguleringsplan for eigedommen til Turid og Alf Einar Notland.
Ein reknar med at kommunedelplanen skal vera ferdig i august/september.
Innløysing av areal til bustadbygging, ev bygging for utleige:
Kommunen er i forhandlingar. Ein vonar at dette er på plass før sumarferien.