Kva ville 17.mai, julegudstenesta, julekonserten, opning av julegata . . . . vore utan Korpset vårt? Opptil 14 musikantar med tilknyting til Huglo spelar ved store høve. Korpset er òg et tilbod til ungar på Huglo som vil vera med i “skulekorps” og lera å spela eit instrument.
Sjølvsagt kostar dette pengar. Dirigent, instrumentar, notar og alt anna eit korps med respekt for seg sjølv treng, må betalast for. Difor møtar me mannsterke på korpskonserten
laurdag 15. april kl 15 – 17 i skulehuset.
Både korpset og aspirantane spelar.
I tillegg til konserten får me høve til å kjøpa lodd og årar, og som på alle samankomster på Huglo, vert det kaffi og kakar.
Gevinstar kan leverast til Wenche på Huglabutikken, eller til Albert når/om du ser han.