European Heritage Days – Kulturminnedagen – er ein del av dei europeiske kulturminnedagane som vert arrangert over heile Europa kvar haust. På initiativ frå Miljøverndepartementet og Kulturdepartementet vart Noreg med i 1993- Ein nasjonal komitè med representantar frå Kulturvernforbundet, Norsk Kulturråd, Riksantikvaren og Norges Museumsforbund har det overordna ansvaret her i landet.
På Huglo startar arrangementet i Omshuset kl. 13 med oppsummering av prosjektet og foredrag, så vert det tur til gravrøysa der ein møter barn i bronsealderklede, det vert “snorklipping” og kaffe med (bronsealder?)kake, og smaksprøve at fisk kokt i kokegrop. Stien inn er lett å gå, godt rydda, MEN: Med alt det regnet me har hatt dei siste dagane, og etter vermeldinga å døme, vil gummistøvlar vera eit passande fottøy.
Komitèen sier hjarteleg velkommen!