Fiskepinner med remulade
Til ein person
Fiskepinner
200 g torsk (eller den type fisk du vil ha)
1 egg
ein dæsj sitron
salt, pepper og graslauk
2 ss sesamfrø
2 ss speltmjøl
2 ss finreven parmesan
Pisk egg, litt sitron og krydder saman i ei skål.
Bland sesamfrø, speltmjøl, parmesan og krydder saman i ei skål.
Del fisken i strimler og dypp i egg deretter i mjølblandinga.
Legg fisken i varm steikepanne med smelta meierismør/kokosfeitt
Steik til fisken er ferdig.
Remulade
2 ss majones
1 ss remulade
1 ss creme fraiche
pittelitt sennep
litt finhakka sylteagurk
ein dæsj sitronsaft
salt og pepper
Bland alle ingrediensane saman. Smak på remuladen og tilsett meir/mindre av noko dersom ein ynkje.
Råkostsalat
Riv gulrot og hakk kål. Klem litt sitronsaft over før servering.
Sjå fleire gode oppskrifter på “utan mat og drikke duger helten ikkje“
Foto: Mari Røen