VON 23.oktober 1932 – Vaken ungdom

Nr8 Sundag 23 oktober 1932 12årg

Vaken ungdom

Det skulde ikkje høyra ungdomen til å lukka augo att for kva som rører seg umkring ein. Men diverre ser me att det er mange som greier det. Der ligg so mange uppgåver like for føtene deira. Der ligg problemer og venta på løysning og so mykje mykje som skal gjerast og gjerast akt på netteyip i dei unge år. Vert det ikkje då, vert det so altfor ofte forseint seinare. Den beleilige tidi går forbi, anleidningane går tapte. Og etterpå høyrer me kanske det fortvilande: for seint! Tenk på eventyret um askeladden. Per og Pål som gjekk den rake vegen til kongsgarden utan å bry seg um korkje kva dei høyrde eller såg. Men Esben han høyrde det rissla i skogbekken og han undra seg, og måtte undersøka det nermare. Han høyrde det hogg i skogen og fann øksi som hogg for seg sjølv. I kongsgarden stod Per og Pål ganske fast med ein einaste gang. Men Esben både fann vatn og hogg ned det gamle trei kongsgarden som sjygde for soli.

Den vakne ungdom likna Esben Askeladd, som undra seg og spør. Vaken ungdom likna svampen som syg til seg. Når ein sluttar å syga til seg, eller liksom forjuppar seg i sitt kall. Då er ein blitt gamal sjølv um ein endå er ung av år. Der er varten ein åndeleg forkalkning som litt etter litt turkar ut og kveler dei livsspirar som endå måtte finnast. Derfor ungdom var vaken og legg merke til kva livet har å lera deg. Ver vaken ogso yverfor dei mange fristelsar som lovar vellyst og glade, men som skuffar so ofte. Set deg høge edle mål for øuga og kjemp for å nå dum. Ingen kann som ungdomen greipast av det som umgjer dei f.eks naturi stjernenes myriader på himmelen ein vinterkveld, ei fin utsikt skogen sus og bekkjen rislen. Allestader er der so mykje som talar til det unge motakande sinnet. Allestader so mykje å leva og gleda seg yver. Det er berre um-å-gjera att auga er upe og sinnet mottakande.

Haustkveld.

So still av fred lii kvilar,

naturi i haustkveld sval.

Frå himmlen blunker og smiler

stjerner i tusend tall.

Bleikgul time lyser i dimme

måneskin. De er som ein ande dryser

og svever draumer inn. Eg  lyer

og hjarta mitt bankar, eg skuer mot

høge kveld. So vemodsfult tanken

min vankar av jupaste sela eg

sjelv.

Det spelar og syng i barmen og finaste

strenger rad, og tjim jer kjenslevarmen

som gull ved solarglad

Haustkveld! Du klåre stille, som

lyser av venleik fult. Du kviskrar

av fagre minner som stråler i jarta

mitt

Forfattar: Ukjend