Kulturutveksling i praksis

Mat er kultur.  Faktisk ein viktig del av eit land sin kultur.  Kva er vel norskare enn brunosten og lutefisken?  Så for å læra andre land sin kultur å kjenna, er mat eit godt sted å byrja.

Læreren

Huglo Bygdekvinnelag hadde invitert ei venninne frå Aserbajdsjan – no bosatt på Heiane Mottak – til å lera oss noko matlaging frå hennar heimland.  Det vart ein sers hyggeleg og interesant kveld, der me både lærte 3 matrettar med spennande, ny smak, og fekk prata med Rosa, som ho for lettvindthets skuld kallar seg i Noreg.  Alle tok del i å skjæra og hakka og passa grytene, og etterpå åt me eit tre rettars måltid, der alle forsynte seg fleire gongar.  Og mat/kulturlæraren vår lika seg så godt at ho gjerne vil koma om att til Huglo!

Alle mann i arbeide
Alle mann i arbeide

Her er kva me laga (menden av ingrediensane må ein ta etter erfaring og smak):

  1. DOLMA (ein vri på kålrullettane me kjenner) med: spisskål (forvella), kjøtdeig, søt gul paprika hakka, tomatsaus (gjerne fra glas ukrydra), koriander (mykje, hakka), løk (mykje, finhakka, gjerne med stavmixer e.l.), rundkorna ris (me nytta risottoris, men grautris skulle gå bra), litt salt og litt tørka ingefær.  Blandinga (handarbeide her er ok) vart pakka i spisskålblad, lagt i gryte med skjøyten ned, ein tallerken oppå kvelva nedi gryta for press, og så vatn til det dekkar rullane godt.  kokast til vatnet har trukke inn i risen, eller til risen er mjuk.

HandarbeideLAMMEGRYTE:  lammekjøt, hakka løk, gurkemeie, ingefær og litt salt kokast til kjøtet er mørt. Tilsett hermetiske kikerter.

Praksisundervisning

DUSKJPÆRÆ (Rosa sin stavemåte). Dei som var til stades, vil hugsa deigen Rosa laga av kveitemjøl, salt og kaldt vatn, dei fine, runde emna ho laga og korleis ho kjevla, og kjevla og kjevla mens ho tilsette meir og meir mjøl.  Deigen vart utruleg sterk, ho kunne handtera den nett som ho ville sjølv om den var løvtynn.  Så vart små “pizzabotnar” trykte ut med eit vannglas, ei tteskjei av ein miks av kjøtdeig, hakka løk, hakka koriander og litt salt lagt på, og så kunne ein bretta halvmånar eller meir viderekomne små “ballar”.  Dei vart lagde i kokande vatn tilsett gurkemeie og ingefær og kokt, kokevatnet nytta ein som suppe og halvmånane var suppebollar med kjøtfyll.

Duskjpæræ
Duskjpæræ
Veldig god suppe! Men den må døpes om til noe vi kan uttale!
Veldig god suppe! Men den må døpes om til noe vi kan uttale!

Takk til Rosa frå alle som var til stades!  Kva vert det neste – syrisk mat??