Laurdag 6. og sundag 7.2. var det kurs i marknadsføring og design i regi av livOGlyst. 7 huglarar frå teama fekk ein innblikk i korleis marknadsføre Huglo som ei merkevare, med heilheit og ein design som målgruppa kjenner igjen og hugsar. Kven er målgruppa? Kva ynsker dei som kan tenkjast å verta fastbuande – eller turist – på Huglo? Og korleis gjer me Huglo synleg – set Huglo på kartet, så og seia?
Kurset var intenst og lærerikt, me fekk alle noko å tenkja på, både ved å lytta til kurshaldarane, men óg til kvarandre.